Tuesday, June 2, 2009

Hordaland 80

og Klubb Kannibal introduserer med stor iver og glede:

Hordaland 80 afrobeatband

Intiativtaker Øyvind Skarbø utdyper:

”Utgangspunktet er at vi likar Fela Kuti sin musikk. Vi prøver å ikkje vere eit fela kuti-coverband, men eit band som spelar Fela Kuti sin musikk på ein personleg måte. Denne forskjellen er viktig for oss, at vi vil prøve å gjere det til ei oppriktig greie, og ikkje leike som om vi er frå Afrika. Dei grepa vi har tatt i forhold til dette er så langt:

-Omdiktning av tekstane til nynorsk (omdikting meir enn omsetjing)
-Roterande instrumentering for å få max ut av besetninga og arrangementa, samtidig som det gir eit visuelt særpreg
-Vi diskuterer no heftig den visuelle framtoninga, i form av ansiktssminke, og då meir som eit mystisk mørkt element (a la Art Ensemble of Chicago) enn som ei afrikansk oppdressing. Det blir med andre ord garantert ingen batikkjortlar i sikte.
-Fellesnevner med Fela-bandet, Egypt 80, er at det er stramt og samtidig laussluppen, og sjølvsagt svett, konstant høgenergi.

Vi har foreløbig 4 låtar innan rekkevidde (alle sjølvsagt lange og kvar av dei nok til ein heil konsert om ein vil). Desse er “Lensmann” (Zombie), “Sjå kor rar” (Shakara), “Yachter – en rik manns onani” (Water Got No Enemy) og Power Show (merk at dei norske titlane er middlertidige – vi har eit ekspertteam på saken).”

Besetninga i Hordaland 80 ser slik ut:
Hans Olav Molde – gitar, trommer, bass, keyboard, perk, vokal
Michael Barnes – baritonsax, perk, vokal
Audun Humberset – perk, trommer, bass, vokal
Øyvind Skarbø – gitar, trommer, perk, bass, keyboard, vokal
Anders Bitustøyl – bass, altsax, perk, fløyte, gitar, vokal
Einar Sogstad – keyboard, gitar, altsax, perk, bass, vokal

----------

Så langt får vi til to kvelder i sommer med bandet, så merk av datoene. Flere konserter kommer (forhåpentligvis):

Bergen: LANDMARK 13. juni
Tønsberg: Slottsfjellfestivalen 18.juli

No comments: